Nytt_distriktsopprør=21

Svein Lund (sveilund@online.no)
Sun, 08 Nov 1998 22:15:43 +0100

Nytt distriktsopprør!!

Kampen for at Klassekampen skal bli heile landet si avis var ein viktig del
i opprøret som felte den gamle redaksjonsleiinga i fjor. For oss
KK-aktivistar i distrikta ga redaktørskiftet ny von om ei anna linje. Og i
ord har det vore bra. Eit eksempel på dette er avisa sitt forhold til det
samiske. På leiarplass har redaktøren erklært at no kjem dei samiske
fontane. På sameradioen har han blitt intervjua for eit halvt år sidan og
lova at no skal Klassekampen skrive samisk.
Så var det praksis. Kor mye samisk har det vore i avisa? Ikkje eit ord.
Dette er ikkje ei eineståande sak. Det er derimot ganske symptomatisk for
dekkinga av disktrikta i det heile.
I fjor haust ville vi ha revolusjon med ein gong. Så fikk vi høre frå
admiralen at vel og bra, folkens, at dokker vil ha revolusjon, men vi må få
rydda opp i redaksjonen først. Vel, så fikk dei rydda opp. Det neste var at
vi måtte vente på aksjekampanja. Utan aksjepengar var det ikkje rom for
distriktsjournalistar. Men da kampanja gikk i mål var det framleis ikkje
plass. For no måtte vi først få fleire abonnentar. Og det går visst ikkje
så bra, så da må vi vente igjen. Etter disse erfaringane er eg alt anna enn
overtydd om at vi hadde fått nokre distriktsjournalistar sjølv om
abonnementskampanja hadde gått over all forventning. Her i dei sentrale
stroka av landet (dvs. langt frå det EU-infiserte Oslo) er det ein nær
samanhang mellom ka avisa skriv om og kor mange abonnentar vi får. Skal vi
kunne verve abonnentar må vi kunne vise at Klassekampen bryr seg om oss i
heilt anna grad enn det andre Oslo-aviser gjør.

Magnus Marsdal har ikkje lenger tru på å satse på distriktsjournalistar.
Dette viser dessverre at ein kvar kan bli påvirka av å jobbe i ein
Oslo-redaksjon. Så lenge dei der er overarbeida, vil dei ha fleire
medarbeidarar hos seg sjølv, fordi dei av ein eller annan grunn trur det
betyr større avlasting enn å få levert stoffet på e-post frå andre enden av
landet.
Magnus sitt argument for ikkje å tilsette folk rundt om er at "det er ikkje
opprør i Berlevåg kvar dag". Nei, det er det kanskje ikkje, men akkurat no
er det eit ganske stort opprør i Berlevåg kommune, nærare bestemt i
Kongsfjord, der kommunen vil legge ned skolen. Dette får ikkje KK sine
lesarar greie på. For ka tid var KK i Berlevåg? Har avisa i det heile
skreve noko derifrå gjennom nesten 30 år? Og er det forresten opprør i Oslo
kvar dag, sidan det er naudsynt å vere der, ikkje bare med ein eller to
journalistar, men med heile redaksjonen?

Vi er mange som vil skrive i KK om vi får lov. Eg skal bare ta meg sjølv
som eksempel, og eg veit at eg har følge av mange andre.

Sjølv har eg skreve i Klassekampen i rykk og napp frå 1974 og utover, for
ein stor del ubetalt, etter kvart mot ei viss betaling, for satsar som ein
for ikkje å få Journalistforbundet på nakken ikkje skal nemne her. Sjølv om
det har vore nokre kranglar om behandlinga av stoffet, har det vore bedre
enn det ein ellers opplever i norske aviser, og over 80% av det eg har
skreve har kome på trykk.

5 eller 6 gonger har eg søkt jobb som journalist. Ein gong fikk eg eit
månads vikariat i Oslo, seinare har det vore avslag eller ikkje svar i det
heile. Under den gamle redaksjonen var eg politisk svartelista, under den
nye ser eg bare ein grunn til at eg ikkje får jobb: Eg bur ikkje avsides
nok i forhold til der dei interessante tinga skjer. Og er er ikkje villig
til å gi avkall på kontakten med det interessante livet som nærast skrik
etter å bli skreve om, for å rotne opp i tigerstaden. Når eg ser tilbake på
det eg har skreve, kan eg stå inne for det aller meste, med unnatak av den
måneden eg skreiv i Oslo. Da hadde eg inga kjensle av at eg hadde styring
med ka eg gjorde, eg hadde ikkje kontakt med virkeligheita, men gikk ut og
gjorde ein hastverksjobb med å levere stoff kl. 14 om ei sak som eg 5 timar
før aldri hadde hørt om.

No har ein igjen avertert ledige journalistjobbar. Eg erklærer hermed
offentlig at eg søker igjen. Eg har eige datautstyr, fotoapparat,
kontorpult og stol, og skal ikkje koste avisa meir enn ein tilsvarande
stilling i Oslo. Og eg skal klare å kjempe meg fram gjennom snøstormen
neste gong det bryt ut opprør i Berlevåg.
Men, vil lesaren og redaksjonen innvende. Eg får da lov å skrive i dag. Jo,
det gjør eg. Men utan dei rettane som ein fast tilsett journalist har. Utan
sjukepengar, utan fagforeining, utan garanti for at det blir noko inntekt
på det eg skriv. Om det er aldri så interessant kan det bli avvist med at
månadens frilansbudsjett er oppbrukt. Kvar gong eg levere noko kjenner eg
meg som ein ranar av avisa sine knappe pengemiddel om eg vågar å antyde at
denne artiukkelen som eg har lagt 3-4 dagars arbeid i kanskje burde vere
verdt ein tusenlapp (minus 42% skatt, ettersom eg lever av binæringar).
Nylig måtte eg av tvingande økonomiske grunnar la vere å sende ei sak til
Klassekampen fordi eg kunne få femdobbelt pris hos eit fagtidsskrift på
vilkår av at dei fikk artikkelen eksklusivt.

Samtidig vil eg oppmode alle Klassekampens skriveføre vener rundt om i
landet til å søke om jobb som journalist på fulltid eller deltid. Vis at vi
finst og at vi vil stille opp, at det ikkje er oss det står på.

Vi ber ikkje om ein journalist på kvart nes og i kvart fjordhol. Ikkje ein
gong om ein i kvart fylke. Men det ein MÅ kunne klare om ein ønsker å bli
tatt på alvor utafor Oslo, er å reservere ei stilling for resten av landet,
stykke denne opp i delstillingar slik at ein f.eks. ka la 4 journalistar ta
ein kvart jobb kvar. Dette er ikkje nokon ideell situasjon, men det vil i
alle fall vere eit framskritt. Og kan ein ikkje eingong gjøre dette, så
blir vi nøydd å sette igang eit nytt distriktsopprørt. Eg trur vi skal
klare eit opprør til, men går det ikkje da, er eg redd distrikta kan
avskrive Klassekampen som sitt talerør.

Svein Lund
Guovdageaidnu
(180 mil frå Oslo, 45 mil frå Berlevåg)