Re:_El-bil:_Hva_burde_vært_gjort=3F

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Thu, 5 Nov 1998 16:13:34 +0100 (MET)

Kvifor ikkje stilla spørsmålet enklare: Kva kan gjerast?

Dersom ein tek utgangspunkt i postulatet til Trond Andresen, blir det
sjølvsagt litt håplaust:

>Alt dette fordrer en planøkonomisk angrepsvinkel som er fremmed for dagens
>kapitalistiske Norge.

Eg er ikkje sikker på om det er slik, og dette hevdar eg med utgangspunkt i
erfaringar frå mitt eige land, Frankrike. Det finst rett nok ein stor
statleg sektor her til lands, men ein kan ikkje snakke om planøkonomi.
Staten er heller ingen pioner i miljøspørsmål. Miljøvernministeren
(Dominique Voynet) tilhøyrer "Dei Grøne", men den franske administrasjonen
er eit innfløkt og tungt system. Nettverka av direktorat, og
underdirektorat, og nære band mellom teknokratar som alle kjem frå dei same
høgskulane (Ecole Polytechnique, Ecole des Mines, osb.) lagar eit slags
festningsverk rundt fransk industri- og transportsektor, rundt dei fleste
sektorar forresten. I det jakobinske Frankrike er alt sentralisert og
sektorisert. Utgangspunktet er ikkje bra med andre ord.

Likevel er Frankrike eit av foregangslanda i Europa når det gjeld forsking,
utvikling og eksperimentering med nye løysingar i transportsektoren. Den
første europeiske el-bilen med lithium-ion batteri blei lansert for litt
over eit år sidan. Som ein del av det såkalla VEDELIC-programmet,
presenterte PSA Peugeot Citro=EBn ein prototype av ein elektrisk Peugeot 106
med lithium-ion batteri, og synkron motor med faste magnetar Æmoteur
synchrone =E0 aimants permanents (Leroy Somer)Å. Med denne nye AC-teknologien
oppnår ein ei ganske bra køyrelengde, rundt 200 km, yteevne på 30 kW, og
maks. fart på over 110 km/t.

VEDELIC-programmet blei starta i oktober 1995 og skal gå over 4 år. Det er
eit forskingsprogram rundt nye drivsystem for elektriske bilar, som blei
lansert av Regionstinget (Conseil Régional) i Poitou Charentes (mellom
Nantes og Bordeaux). I tillegg til PSA Peugeot Citro=EBn deltar EDF
(Electricité de France), France Design (Groupe Heuliez), Leroy Somer, Saft,
Sagem, Universitet i Poitiers, og to ingeniørskular: EIGSI (La Rochelle) og
ENSMA (Poitiers). Prosjektet har eit budsjett på 81 millionar franc, og er
finansiert dels av regionen, dels av staten, og dels av EU.

Miljøspørsmål blir viktigare element i politikken etter som miljøet, særleg
bymiljøet, gradvis har blitt forverra. Enkelte stader har forureininga nådd
eit metningspunkt. Fleire og fleire stader i Frankrike dukkar det opp
infrastruktur for el-bilar, og utleigeverksemd basert på sjølvbetjening.

Det første prosjektet av denne typen blei lansert i La Rochelle (Poitou
Charentes). PSA Peugeot Citro=EBn assosierte seg med nokre andre firma i
Liselec-gruppa, og skreiv under ein avtale med byen La Rochelle. Det er
snakk om eit prøveprosjekt som skal gå over min. tre år. La Rochelle er ein
liten by, og førebels er det berre snakk om 50 bilar (25 Peugeot 106 EL og
25 Citro=EBn Saxo EL) som blir leigd ut på 6 stasjonar rundt i byen og
forstadene (libre-service - sjølvbetjening). Dette prosjektet blir
finansiert av Predit (Programme national de recherche et d'innovation dans
les transports terrestres), og nok ein gong Région Poitou-Charentes, som
også signerte avtalen med EDF og l'Agence de l'Environnement et de la
Ma=EEtrise de l'Energie (ADEME).

I Saint Quentin i Yvelines-fylket (like sørvest for Paris, rundt Versailles)
finst det eit liknande prosjekt, og det dukkar stadig opp fleire. Til og med
i Paris finst det no ein infrastruktur for el-bilar, og ein del av bilparken
til offentlege instansar er skift ut med slike.

I Sveits har Honda lansert eit program rundt sin el-bil, EV Plus, med hjelp
frå den sveitsiske konføderasjonen. Det er eit utleigeprogram "clé en mains"
som inkluderer vedlikehald, og assistanse, i tillegg til evt. batteriskift.
Månadsleiga er på SFR 490.- (i minst 36 månader).

Oddmund Garvik

Digresjon: Andresen siterte Ingrid Schiefloe, redaksjonssekretær i Dagens
Næringsliv, som harselerte litt over det norske el-bil prosjektet, men som
også hadde eit par poeng. Problemet er at ho er for langsynt, eller befengt
av den subamerikanske hjernebakterien, som så mange andre i Den Norske
Bobla. Det er mindre oppstyr om den, enn om bakteriar i importert europeisk
kjøt, (som berre representerer om lag 2% av det norske kjøtforbruket...?).

Den subamerikanske bakterien gjer at blikket straks glir mot Guds fedreland
kvar gong ein ser utover sin eigen navle. Redaksjonssekretæren i DN hadde
ikkje anna å koma trekkjande med enn "billandet USAs bilby Detroit, hvor GM,
Ford og Chrysler samarbeider om el-bilprosjekt".

Det er vanskeleg å hindre at den subamerikanske hjernebakterien kryssar den
norske grensa, det har aldri vore nokon kontroll, og no er det for seint.
Den er alt ein del av kulturarven. Digresjon slutt.

ds