Salmonellose og grenser

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 3 Nov 1998 11:07:30 -0800

This is a multi-part message in MIME format.

------=_NextPart_000_0008_01BE071A.2668D060
Content-Type: text/plain;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

Det er litt rart å lese Oddmund Garviks innlegg om kor provinsielt norsk og lite internasjonalt engasjementet mot bakterie-spreiing er. For det meste av mi forståing av dette har eg fått frå forskarar og skribentar i EU. Frå det britiske tidsskriftet New Scientist, som i årevis har vore oppteke av bioinvasjonar, og frå det tyske Der Spiegel, som har same engasjementet og hadde den gule fare - risikoen for salmonellose frå egg - som tema for eit spesialnummer nokre år sidan. Eg har lært mykje av ei bok av den danske rettsmedisinaren Preben Geertinger. Lualaba heiter boka, som kom på dansk i 1994 og burde ha vore omsett til norsk. Ved nokre høve har eg også vore så heldig at eg har fått diskutere med småbrukarar i EU, gjennom møte i den europeiske småbrukarorganisasjonen CPE, og vi har stort sett vore samde både når det gjeld norske forhold og EU-forhold.

Jau då, det finst norske veterinærar og medisinarar som er opptekne av dette og har framståande kunnskapar. Det finst islandske veterinærar som er i verdseliten fordi dei møtte problemet gjennom dei såkalla karakul-sjukdomane som tok knekken på halvdelen av sauene i landet i perioden frå først på tretti-talet til i dag og difor har hatt frmifrå høve til å studere saktespreiande virus lenge før britiske storfe f=F4ra på oppmale mjøl frå scrapie-dyr førte til Creutsfeldt Jakobs sjuke. Men dette er synsmåtar som sanneleg ikkje er spesielt norske, dei er fellesgods for vitskapsfolk som følgjer med og er sjølvstendige og som ikkje er i lomma på transnasjonale selskap.

La oss hente eit døme attende i tid. Frå 1600-talet hadde poteter vorte innførte frå Sør-Amerika til Europa. Potetene gav matauk og kunne dyrkast av småkårsfolk med ein jordlapp og eit grev. Det var såleis eit stort framsteg. Stadig nye typar setjepoteter vart henta inn. På 1800-talet kom dampbåtane og stuttare transporttid. Eit framsteg på mange vis, men dei potetsjukdomane som før ikkje hadde overlevd transporten med seglskip, kom no og førte til An Gorta Mor, den store svolten som tok livet av ein million irar i 1845.

Det handlar altså om fri og rask vareflyt, no ikkje med dampbåtar som bruker mange veker frå Sør-Amerika til Europa, men med fly som bruker nokre timar. Vi kan ikkje og bør ikkje prøve på å utrydde mikroorganismar og ha sterile matvarer, men vi bør prøve å ha kontroll. Når varer blir sende verda over i enormt omfang, er det uråd å kontrollere dei, same kor mange millionar som blir brukte til matvarekontroll. Og det er vanskeleg eller kanskje uråd å isolere sjukdomsutbrot om dei kjem.

Sjølvsagt er ikkje salmonellose verdas største problem. Dei fleste av oss får nokre dagars sengeleie etter eit sjukdomsutbrot. Sjukdomstilfella, behandlingstida og kostnadene er rundt ti gonger så store i USA og Tyskland som i Noreg.

Dei fleste av oss har helse til å tåle eit salmonellaangrep eller tre. Det er berre spedbarn og svake eldre som blir langvarig sjuke og kanskje døyr. Iallfall etter infeksjon av dei vanlegaste salmonella-bakteriane. Men det finst 2-3000 kjende typar, og det utviklar seg stadig fleire slag, somme av dei immune mot fleire og fleire av dei rundt hundre antibiotika-typane vi har.

Kva så, Oddmund Garvik? Vi er samde om at miljøspørsmål er avgjerande. Mi vurdering er at vi må gå motsett veg av den frie vareflyten. Mellom økosamfunn finst grenser, og vi må byggje opp grenser også mellom menneskesamfunn. Slik at vi ved neste salmonella-utbrot har sjansar til å isolere sjukdomskjelda og difor også sjukdomsutbrota. For andre nedkjempingsmetodar finst kanskje ikkje.

Jau då, Garvik, eg er også samd med deg i at somt av det norske forsvaret for rein mat stundom har nasjonalistiske overtonar. Når Norsk Raudt Fe til dømes hevdar at vi har verdas beste dyrehelse, set dei fram ein påstand dei ikkje har dekning for. Dei veit ikkje det grann om dyrehelsa i Bhutan eller Georgia, for å ta to land. Og når landbrukssamvirket legg ned det eine slakteriet etter det andre og godtek transport av levande dyr i tredve-firti-femti-seksti mil, som Vømmøl song om (frå Vest-Finnmark til Andselv i Troms til dømes, det blir endå lengre), blir argumentasjonen mot smittespreiing hol.

Men poenget i dette høvet er ikkje nasjonen i seg sjølv, nasjonane er berre ei inndeling av menneskeheita i samfunn. Men for å ta vare på miljøet og samkvemet mellom homo sapiens og alle dei andre, mellom 4 og 40 millionar, artane som finst på kloden, må vi akseptere at vi, liksom dei andre artane, må leve i samfunn med grenser. Det er ikkje ein spesielt norsk ståstad. Det er ein økologisk ståstad.

Olav Randen

------=_NextPart_000_0008_01BE071A.2668D060
Content-Type: text/html;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD W3 HTML//EN">

Det er litt rart å lese Oddmund Garviks innlegg om kor provinsielt norsk og lite internasjonalt engasjementet mot bakterie-spreiing er. For det meste av mi forståing av dette har eg fått frå forskarar og skribentar i EU. Frå det britiske tidsskriftet New Scientist, som i årevis har vore oppteke av bioinvasjonar, og frå det tyske Der Spiegel, som har same engasjementet og hadde den gule fare – risikoen for salmonellose frå egg – som tema for eit spesialnummer nokre år sidan. Eg har lært mykje av ei bok av den danske rettsmedisinaren Preben Geertinger. Lualaba heiter boka, som kom på dansk i 1994 og burde ha vore omsett til norsk. Ved nokre høve har eg også vore så heldig at eg har fått diskutere med småbrukarar i EU, gjennom møte i den europeiske småbrukarorganisasjonen CPE, og vi har stort sett vore samde både når det gjeld norske forhold og EU-forhold.

Jau då, det finst norske veterinærar og medisinarar som er opptekne av dette og har framståande kunnskapar. Det finst islandske veterinærar som er i verdseliten fordi dei møtte problemet gjennom dei såkalla karakul-sjukdomane som tok knekken på halvdelen av sauene i landet i perioden frå først på tretti-talet til i dag og difor har hatt frmifrå høve til å studere saktespreiande virus lenge før britiske storfe fôra på oppmale mjøl frå scrapie-dyr førte til Creutsfeldt Jakobs sjuke. Men dette er synsmåtar som sanneleg ikkje er spesielt norske, dei er fellesgods for vitskapsfolk som følgjer med og er sjølvstendige og som ikkje er i lomma på transnasjonale selskap.

La oss hente eit døme attende i tid. Frå 1600-talet hadde poteter vorte innførte frå Sør-Amerika til Europa. Potetene gav matauk og kunne dyrkast av småkårsfolk med ein jordlapp og eit grev. Det var såleis eit stort framsteg. Stadig nye typar setjepoteter vart henta inn. På 1800-talet kom dampbåtane og stuttare transporttid. Eit framsteg på mange vis, men dei potetsjukdomane som før ikkje hadde overlevd transporten med seglskip, kom no og førte til An Gorta Mor, den store svolten som tok livet av ein million irar i 1845.

Det handlar altså om fri og rask vareflyt, no ikkje med dampbåtar som bruker mange veker frå Sør-Amerika til Europa, men med fly som bruker nokre timar. Vi kan ikkje og bør ikkje prøve på å utrydde mikroorganismar og ha sterile matvarer, men vi bør prøve å ha kontroll. Når varer blir sende verda over i enormt omfang, er det uråd å kontrollere dei, same kor mange millionar som blir brukte til matvarekontroll. Og det er vanskeleg eller kanskje uråd å isolere sjukdomsutbrot om dei kjem.

Sjølvsagt er ikkje salmonellose verdas største problem. Dei fleste av oss får nokre dagars sengeleie etter eit sjukdomsutbrot. Sjukdomstilfella, behandlingstida og kostnadene er rundt ti gonger så store i USA og Tyskland som i Noreg.

Dei fleste av oss har helse til å tåle eit salmonellaangrep eller tre. Det er berre spedbarn og svake eldre som blir langvarig sjuke og kanskje døyr. Iallfall etter infeksjon av dei vanlegaste salmonella-bakteriane. Men det finst 2-3000 kjende typar, og det utviklar seg stadig fleire slag, somme av dei immune mot fleire og fleire av dei rundt hundre antibiotika-typane vi har.

Kva så, Oddmund Garvik? Vi er samde om at miljøspørsmål er avgjerande. Mi vurdering er at vi må gå motsett veg av den frie vareflyten. Mellom økosamfunn finst grenser, og vi må byggje opp grenser også mellom menneskesamfunn. Slik at vi ved neste salmonella-utbrot har sjansar til å isolere sjukdomskjelda og difor også sjukdomsutbrota. For andre nedkjempingsmetodar finst kanskje ikkje.

Jau då, Garvik, eg er også samd med deg i at somt av det norske forsvaret for rein mat stundom har nasjonalistiske overtonar. Når Norsk Raudt Fe til dømes hevdar at vi har verdas beste dyrehelse, set dei fram ein påstand dei ikkje har dekning for. Dei veit ikkje det grann om dyrehelsa i Bhutan eller Georgia, for å ta to land. Og når landbrukssamvirket legg ned det eine slakteriet etter det andre og godtek transport av levande dyr i tredve-firti-femti-seksti mil, som Vømmøl song om (frå Vest-Finnmark til Andselv i Troms til dømes, det blir endå lengre), blir argumentasjonen mot smittespreiing hol.

Men poenget i dette høvet er ikkje nasjonen i seg sjølv, nasjonane er berre ei inndeling av menneskeheita i samfunn. Men for å ta vare på miljøet og samkvemet mellom homo sapiens og alle dei andre, mellom 4 og 40 millionar, artane som finst på kloden, må vi akseptere at vi, liksom dei andre artane, må leve i samfunn med grenser. Det er ikkje ein spesielt norsk ståstad. Det er ein økologisk ståstad.

Olav Randen

------=_NextPart_000_0008_01BE071A.2668D060--