Tillitskrise mellom Nei til EU og regjeringa

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 19 Oct 1998 09:00:46 +0200

Etter rådsmøtet i Nei til EU 11. september er det full tillitskrise
mellom Nei til EU og regjeringa. Årsaka er den alvorlege situasjonen med
at regjeringa ser ut til å godta veterinæravtalen med EU, og dermed
fjerne grensekontrollen for mat og dyr.

Møre og Romsdal Nei til EU sende ei pressemelding om dette til
Klassekampen 14. september. Så vidt vi har registrert, har ikkje avisa
omtala saka. Det undrar oss at ei slik sak ikkje skulle ha interesse for
lesarane.

Saka blir følgd opp på nytt rådsmøte 24. oktober og på landsmøtet
14.-15. november.

Pressemeldinga finst på
http://home.sol.no/~okvalhei/Nteu/Tillit.html .

Nær 15.000 i Møre og Romsdal har no skrive under på oppropet for
grensekontrollen. Sjå http://home.sol.no/~okvalhei/Tryggmat/ .

Både NTEU og Trygg mat-alliansen i MR arbeider med kvart sitt opne brev
til regjering og storting. Breva vil bli offentleggjorde på dei
respektive internettsidene når adressatane har fått dei.

Meiningsmålinga som viser at 65 % vil oppretthalde grensekontrollen og
berre 12 % vil fjerne han, finst på http://www.bondelaget.no/ .

Lars Staurset