Lovforbod mo paprazzifotgrafar?

Geir Bernhardsen (gbernhar@online.no)
Tue, 02 Sep 1997 14:48:25 -0700

Kva skal eit forbod mot fotografering av folk som ikkje gjev samtykke
tena til? Korleis skal eit slikt forbod handhevjast?

Sjølv tykkjer eg dette er eit åtak på pressefridomen. Kva skal det vera
lov til å taka bilete av? Eit bilete av Kjell Inge Røkke ein dårleg
dag kann sikkert skada aksjekursane til RGI. Eit foto av bilane i
garasjen til ein kvitsnippforbrytar tek seg ikkje godt ut. Kva med dei
svenske kommunepampane som gjekk på strippeklubb forsskattebetalarane
sine pengar. Kven skal avgjera kva som kann prentast? Eg veit at det
ikkje bør vera staten.

Dette bør vera ei sak som pressa må taka fatt på. Mannskollektiva på
desken kann vel ordna upp i dette , slik som MC-gjengane, Michelet? Det
er bra at folk engasjerer seg og segjer frå um kva dei vil sjå og ikkje
vil sjå på prent. Det skal ikkje vera so lett å skjula seg bakum
"folkemeininga" for Sjå & Høyr-bladstyraren lengre. Men hald rettsvesenet
unna!
Lovforbodet mot promillekøyring redda ikkje Diana og Dodi, so kvifor
skulle eit forbod mot kjendisfotografering takast meir ålvorleg?

--
- Magnus Bernhardsen