skulevala og auf

espen (espen@mail.feskar.net)
Fri, 22 Aug 1997 17:22:40 +0000

Nei det ser ikkje bar ut etter fyrste skuleval. Men det er heller
ikkje særs overraskande at auf fikk så stor oppslutnad. auf/dna har
alltid stått sterkt på Melhus vgs.

Det som er meir interessant er at det er Sør-Trøndelag auf som
organiserer skulevala og skuledebattane i fylket. Dette gjev dei eit
høve til å leggja tida for vala på tidspunkt som passar dei sjølve.
Det kan sjølvsagt vera andre grunnar til at årets fyrste skuleval var
på ein dna-venleg skule, men om det er sånn at auf har lagt det
fyrste valet til denne skulen for å få bra resultat på den fyrste
skulen som eit ledd i valkampen er det jo ikkje så lite interessant.

espen løkeland-stai