re: Astrid Holm & Sør-Trøndelag RVDate: Thu, 21

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 21 Aug 1997 13:11:48 +0200

At 12:42 21.08.97, you wrote:

Jon Hareide Aarbakke skreiv:

>Det skulle vere heilt problemfritt å vere kommunist og på same tid ta
>avstand frå:
>1) Eineherskarar
>2) Folkemord
>3) Persondyrking
>
>Eller har eg misforstått?
>
>Jon Aarbakke
>
>PS Sidan Roar Madsen er historikar, ser eg fram til ei oppklåring av
>synspunkta hans
>

Nei du hev slett ikkje mistydd. Men Unge Høgre sitt poeng er sjølvsagt noko
langt meir enn
å nagla revolusjonære til problematiske standpunkt um sidor ved den
sosialistiske tradisjonen.
Poenget deira er å "kriminalisera" all radikalisme.

Poenget er ogso at me no er i ein tabloid valkamp der Unge Høgre no fær
støtte frå leidande
folk i RV for at folk som hev kalla seg kommunistar skal gjera eit totalt
knefall - samstundes
som reaksjonen (t.d. Harald Ellefsen i Høgre aldri vert pressa til å ta
avstand frå si fortid
t.d. som støttespelarar for teppebombing i Indokina etc.

Dersom ikkje RV snart kan få til å kombinera fråstandstaking frå alt gale
som har skjedd
i namnet åt sosialismen med eit forsvar av det å vera revolusjonær - men
berre vert ståande
bakpå og tek avstand - so endar me upp me å kriminalisera oss sjølv og
legitimera den høgresida
om aldri hev vore særleg opptekne av demokrati eller sjølvstende for folk
kringum i verdi.

Dessutan er eg so leid av at eindel utmelde AKParar (det må dei so gjerne
vera for min del), ser på det
som ei livsuppgåva å byggja opp eit politisk alternativ til AKP (det må dei
ogso gjerne gjera)
PÅ GRUNNLAG AV NEGASJONEN AV DET DEI TIDLEGARE HEV STÅTT FOR. Det held
ikkje...Dei hev sjølvsagt
lov å prøva, men...

Som du skyner av detta innlegget Jon, hev synsmåtane mine minst grunnlag i
at eg tilfeldigvis er historikar -
men mykje meir grunnlag i at eg er uroa for me ikkje eingong held uppe eit
forsvar for at det både hev vore
og er rettkome å vera revolusjonær.

Eg veit ikkje um du er nøgd med desse klårgjeringane mine, og eg hadde
eigenleg heller ikkje tenkt å starta
noko ordskifte. Det eg eigenleg var på jakt etter sidan eg ikkje vankar i
RV-krinsane, var å finna ut
um Astrid Holm her representerer typiske RV-synsmåtar. Når eg kikkar på det
fyrste innlegget mitt i ettertid
so ser eg jo at det meir er eit hjartesukk og ei implisitt meiningsytring.
Men det fær vel stå på kontoen
for å ha kasta seg yver tastaturet i ei viss fart?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41