MAKTKAMP

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Sat, 9 Aug 1997 20:46:37 +0200 (MET DST)

Svein Lund
Pb.90
9520 Guovdageaidnu 9.8.97
e-post: sveilund@online.no

Re: Maktkamp i Klassekampen

Takk til Trond Andresen for opplysande innlegg 19.7., som eg pga. ferie
ikkje har lese før no. Som aksjonær og kommandittist og forslagsstillar til
generalforsamlinga var det greitt å bli orientert om at generalforsamlinga
faktisk har blitt avholdt. På to månadar har det ikkje blitt gitt noko anna
melding om dette verken til abonnentar eller aksjonærar. Klarare kan
avisleiinga ikkje demonstrere at vi abonnentar og aksjonærar bare skal vere
nyttige idiotar som spyttar inn pengar, men ikkje legge oss opp i kordan
avisa drivas.
Dersom ikkje avisleiinga vil gjøre det, finst det ikkje nokon som har
tilgang til referat frå denne generalforsamlinga og kan legge det ut her på
KK-forum?

Det blir opplyst at styreleiar er skifta ut og at den nye styreleiaren skal
vere meir kritisk til den borgarlige utviklinga i avisa. Anten må dette
vere tomme frasar før eit val, eller så må det vere slik at styret ikkje har
noko dei skal ha sagt. I tilfelle det siste er tilfelle, bør ein kanskje sjå
på om det er naudsynt at avisa drivas etter den "hellige" redaktørplakaten"
eller ka det no heiter. (Kan ikkje nokon legge ut denne plakaten til oss
uvitande, og?)

Opplysningane om tilsettingane i journaliststillingar er svært interessante.
Det er ikkje første gong dette skjer, og eg veit om svært dyktige
journalistar med AKP-bakgrunn som har blitt vraka opptil fleire gonger
tidligare. Men stort sett har dette ikkje blitt gjort kjent for lesarane av
avisa.
Når Trond Andresen no har letta på lokket, vil eg og gi mitt bidrag: Eg er
sjølv ein av dei som har søkt journaliststilling i Klassekampen ved fleire
høve. Ein gong fikk eg eit 1 månads vikariat, sidan har eg fått avslag på
søknad om sommarjobb og no i sommar fikk eg ikkje ein gong svar. Eg har
tilbydd meg å arbeide frå Finnmark i delstilling frå 5% og oppover, slik at
eg ikkje kunne avvisas med at ein ikkje hadde råd til ei heil stilling i
Finnmark. Frå Finnmark veit eg at det og var minst ein anna søkar (med
journalisterfaring og mangeårige tillitsverv i RV m.m.m.). Heller ikkje
denne søkaren fikk svar.
Eg oppmodar no dei andre som har søkt til å stå fram, slik at lesarane kan
bli klar over ka slags folk det er redaktøren ikkje vil la slippe til.

Eg kjenner ikkje den nye styreleiaren, men forstår det slik at han er valgt
fordi han ønsker ei anna linje i avisa. I såfall vil eg gratulere med valet.
Men da må han snarast ut på banen, slik at dette valget ikkje bare fører til
ei passivisering av opposisjonen mot høgredreiinga i Klassekampen.

Svein Lund
Guovdageaidnu