RE: Hvor leses mailen din?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 2 Jul 1997 15:01:28 +0200

Martin Raknerud skreiv 2. juli 1997 13:08:
>Jeg satt og lekte til med linux kommandoen `host`, som leter opp
>host-entries (altså domene navn) for deg, og kom til å skrive

>Æmarthy@torsk marthyÅ$ host pot.no

>helt uventa får jeg faktisk svaret:
>pot.no mail is handled (pri=15) by mail2.sn.no
>pot.no mail is handled (pri=10) by mail1.sn.no

>Tror ikke på meg? Sjekk sjøl hjemmesidene deres på
>http://www.pot.no/

Dette høyrest pirrande ut. Eg veit ikkje nøyaktig kva informasjon du har fått
ut her, men tippar at det fortel kven som kjører e-posttenesta for POT. Det
er kanskje ikkje så viktig kunnskap for oss andre, men at det har kome ut, er
sikkert ille sett frå deira side, og holet blir vel tetta.

Den URL-en du oppgjev, var sperra med passord då eg prøvde. Dersom nokon i
POT les dette (og det gjer dei nok), vil eg oppfordre dei til å opne seg
litt. Eg ventar ingen store avsløringar eller lekkasjar, men dei må kunne gje
ein del offentleg informasjon om kva dei driv med.

Lars Staurset