re:KVifor er Frp pop?

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Mon, 23 Jun 1997 18:00:05 +0000

FRPs FIENDEBILETE

hagen presenterer eit fiendebilet som folk kan tru på, dvs
innvandrarar. ikkje det at dette i serlig grad heng på greip, men det
er i alle høve eit langt "betre" fiendebilete enn det DNA prsenterer,
nemleg Hemesittarane (eit trugsmål mot Vårt Demokrati!).

Høgre har DNA som fiendebilete, funkar dårleg sidan ingen ser skilnad
på dei to.

SV har Egoismen i Mennesket, Overforbruk og evt. dyre luksushytter
som fiendebilete, ikkje nokon vinnar i a-klassen det heller.

Krf har Satan.

Venstre har alt som står i vegen for "små og meillomstore bedrifte"
som fiendebilete, serleg Delingsmodellen.

Det er berre RV som kan stilla opp med ein verdig konkurrent til det
lett fascistoide fiendebiletet som FrP presenterer, nemleg Dei Rike.

RV bør gå direkte i klinsj med FrP på nett dette punktet, så ofte som
mogleg: Still opp Hagens syndebukk-tenkjing mot vår kritikk av at det
er eigarane som styrer og snyltar på alle oss andre. Sei i tillegg
noko om at å peika ut Ali og Ahmed som syndebukk er å gje dei same
plass som jødane fekk for 60 år sidan, og i begge tilfelle sit
kapitalmakta heilt trygt, medan arbeidsfolk slåss seg i mellom.

Dette er det BERRE RV som kan seia i valkampen, og det er dette som
er den argumentasjonen som kan banka Hagen på hans eigen heimebane.

Sosialisme eller barbari, eigentleg.

Magnus M

--- P t o t h e P ---