Re: Som Fanden leser Bibelen

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Mon, 8 Dec 1997 16:27:13 +0000

For meg er ikkje spørsmålet om Klassekampen eit veldig innfløkt
problem, fullt av for og imot. Ein må lære seg til å eliminere.

Eg stiller ikkje spørsmål ved Jon Michelet som person. Eg kjenner han
ikkje, og har berre lese ei av bøkene hans (Jernkorset). Eg er sikker
på at han er ein grei kar, og det kan også hende at me deler syn i
ein del saker. Eg tvilar slett ikkje på at han og resten av
redaksjonen har gjort ein stor innsats for å få ut avisa under
vanskelege forhold.

Det er ikkje dette det handlar om!

Det handlar om redaktør Michelet i Klassekampen som skreiv eit
såpeoperareferat frå AKP sitt ekstraordinære landsmøte (etter å ha
blitt kritisert, kom han rett nok med sjølvkritikk på KK-forum, men
kor mange las den?)

Det handlar om redaktør Michelet i Klassekampen som filtrerer debatten
om viktige spørsmål rundt avisa, med ein klår tendens. Viktige element
blir feia under matta. Andre ting blir framheva.

Det handlar også om den redaksjonelle linja til Klassekampen i høve
til striden i SOS Rasisme. Klassekampen tek stilling i konfliktar på
"venstresida, og vil samstundes vera "venstresidas dagsavis". Dette
blir sjølvmotseiande, og difor meiningslaust. Klassekampen seglar
under falsk flagg på denne måten.

Eg har ikkje tru på eit slikt avisprosjekt, fordi det ikkje tener
"venstresida" å ha ei avis med ei redaksjonell linje som den me har
sett i det siste. Dette tener tilsynelatande berre AKP, som rir
gjennom skirselden, og sårt treng trøyst og oppreising. Det var ikkje
for ingenting at dei tok sjansen på ein desperat aksjon "for å redde
Klassekampen". AKP er maktsjukt, og ynskjer framleis å dominere på
sine premisser. Det er ikkje berre eit parti som "har gjort mye
dumt". Partiet er ikkje lenger i stand til å dominere "venstresida"
politisk, og klamrar seg såleis til eigedomsretten og aksjelova for
ikkje å "misse" avisa si. Partiet er prega av indre splid, mellom
anna på grunn av striden om Klassekampen, og fleire dyktige medlemmer
har i det siste teke farvel. Dette får me ikkje høyre eit pip om i
"venstresidas dagsavis", noko som for min del er dropen som seier
alt. Eg trur både AKP, og redaktør Michelet her tek feil av publikum,
og på ein måte grev si eiga grav. Tida får vise oss kva som var rett
og gale.

I ei slik stode er det uaktuelt å abonnere på Klassekampen. Eg kjem
heller ikkje til å sende stoff til avisa. Eg vil ikkje skrive i ei
avis som eg ikkje går god for. Dersom eg vil skrive for, eller lesa
ei partiavis, har eg "l'Humanité"

<http://www.humanite.presse.fr/journal/jour.html>

som i det minste ikkje gøymer seg med undertittelen: "Journal du
Parti Communiste Fran=E7ais".
Elles har eg eit vell av andre gode aviser å velja mellom. KVJ
nemnde fleire. Her i landet har me framleis ei mangfaldig presse:

"Libération" <http://www.liberation.fr/quotidien/index.html>
"Le Monde" <http://www.lemonde.fr>
"Le Monde Diplomatique"
<http://www.monde-diplomatique.fr/md/index.html>
"Le Canard encha=EEné" <http://www.mygale.org/10/lecanard/canard.shtml>
"Charlie Hebdo", og "Marianne", berre for å nemne nokre lesverdige
aviser og vekeblad.

I Noreg er det no berre "Dag og Tid" som passerer nålauget mitt, og
eit par lokalaviser (Suldalsposten og Vest-Telemark Blad) som har
meir med opphav enn med idear å gjera.

Slik er det, og slik kjem det til å vera heilt til avisa Klassekampen
står fram som ei uavhengig, kritisk avis, som skriv fritt fram, utan
omsyn til subtile partiinteresser og anna grums.

Med helsing

Oddmund Garvik