Re: Putin ser deg

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Jan 14 2000 - 12:17:23 MET

  • Next message: jonivar skullerud: "Re: stopp"

    Le ven, 14 jan 2000, jonivar skullerud a écrit :

    > Jeg har noen få ganger sendt og mottatt passord via epost. Jeg mener,
    > ordentlige passord som gir tilgang til en maskin, ikke
    > vevside-«passord» og desslike.
    >
    > Kryptering er også innebygd i ssh (secure-shell) som er den eneste
    > måten jeg kan få tilgang til Crayen hvor jeg gjør mesteparten av
    > beregningene mine, og til pcen min når jeg er bortreist.

    SSH er diverre i prinsippet ikkje tillatt i Frankrike, sjølv om mange (inkl.
    meg sjølv) brukar det av og til. Alt som er "hemmeleg" er svært gjævt her
    til lands, og ein har no laga ein fransk versjon av SSH til almugen - SSF
    (Secure Shell Francais).

    SSH/SSF er sjølvsagt temmeleg begrensa, og bør vel ikkje brukast til ting
    som er "svært hemmeleg". Styrken til eit krypteringsprodukt heng elles ikkje
    berre saman med algoritmen som er nytta. Ofte er det svake leddet sjølve
    implementeringa. I tilfellet SSH (og SSF med ein kode som er basert på SSH)
    er implementeringa middels, og har aldri blitt sertifisert, eller verifisert
    på objektivt vis.

    SSF-nøkkelen er på (berre) 56 bits, medan den som blir brukt under IDEA (som
    er standard i UNIX) og RC4, er på 128 bits. Blowfish nyttar 256 bits og
    trippel-DES, 168 bits (3x56).

    Standard PGF-kryptering er på 128 bits (i den aktuelle freeware-versjonen),
    trur eg. Den norske browseren Opera (som er ypperleg) nyttar SSH på opptil
    128 bits i Windowsversjonen, og truleg det same i den komande versjonen for
    Linux.

    I visse tilfelle er det interessant å nytte kryptering på nettet sjølv om det
    ikkje gir nokon fullverdig garanti mot Storebror. Det gjer kanskje jobben
    deira litt vanskelegare, men det er mykje leven for lite resultat.

    Sjølv om kraftigare maskiner også blir tilgjengelige for oss på golvet, slik
    at ein kan fylgje opp, og freista sabotere overvakinga i framtida også, vil
    Storebror alltid ha eit stort forsprang. Systemet er slik laga.

    IBM arbeider for tida med ein ny superkalkulator, Deep Gene. Denne maskina skal
    vera 500 gonger raskare enn dei raskaste, eksisterande maskinene. Med over 1
    petaflop reknekapasitet (1 petaflop = 1000 teraflops = 1000000 gigaflops),
    vil Deep Gene vera 1000 gonger raskare enn Deep Blue som slo Garry Kasparov i
    sjakk i 1997, og 2 millionar gonger raskare enn dei raskaste PCane som finst
    i dag (eg har berre ein gamal Pentium 133, og kjem langt bak i rekkja).

    Teoretisk finn det ei maskin som langt overgår Deep Gene og alle dei andre
    supermaskinene - kvantekalkulatoren. Med ei slik maskin kan ein knekke kva
    slags kryptering som helst berre på nokre få minutt... Og framleis er me berre
    på steinalderstadiet i denne "verda". Det er ikkje mykje å hoppe i
    taket av førebels. Difor må ein vakte seg vel for ikkje å gå i same fella
    som dei fascinerte, hovudlause teknofreakane (jfr. Øgrim).

    Hjulet var eit langt større sprang, og den moderne varianten, sykkelen, som
    Karsten heilt rett trekk fram som den verkeleg moderne oppfinninga. Med
    sykkelen kom dei unge seg ut av bygder og landsbyar, forplanta seg lenger og
    lenger borte frå det som i generasjonar og hundreår hadde vore opphavet til
    mykje genetisk einsrettingog og rot, dvs. degenerering. Det var med sykkelen
    ein oppdaga kor viktig det er å ikkje mure seg inne med sine eigne. Ein måtte
    ut i verda for å få det til.

    Putin og dei andre kan berre glane og rote i sakene våre. Eg har ingenting å
    løyne. Det er ingen tvil om at me blir overvaka, og det har lite for seg å
    bruke tid og krefter på å "avsløre" dette i seg sjølv. Det som kan setje
    tankane i sving hjå dei mange, er summane som kvart år blir skuffa inn i
    dette holet. Astronomiske summar, sett under eitt, som sjølvsagt kunne og
    skulle ha vore bruka til heilt andre, og meir menneskelege aktivitetar.

    Oddmund Garvik



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Jan 14 2000 - 13:53:39 MET