Til debatten om KK

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Fri Dec 31 1999 - 01:02:53 MET


Eg har skumlest gjennom innlegga i debatten om KK, og konstaterer at dei
fleste ønskjer å kome vidare enn berre å slå fast at avisa per i dag er for
dårleg. Problemet mitt er imidlertid at eg synest å ha registrert denne
debatten før. Og kva så? Kvar fører det oss? Dels vert det for teknisk, med
t.d. Trond sitt forslag til ny formålsparagraf, dels vert det ein gammal
skyttargravskrig omkring eigartilhøve.
Ein påstand: Prosjektet AKP er dødt. Dersom, eller i den grad avisa er
knytt til dette prosjektet, vil den og døy. Spørsmålet vert følgjeleg: Kva
slags avis ønskjer vi? Treng vi i det heile ei avis. Og kven er "vi"?
For å slå inn ei open dør innleiingsvis. Avisa kan sjølvsagt ikkje
redigerast av eit debattforum. Men avisa bør ta på alvor når gamle
abonnentar vurderer å seie opp abonnementet. Slik sett er det nærliggjande
å seie at Erik Ness plasserer seg sjølv på sidelinja i debatten ved å hevde
at KK er Noregs beste avis. Her for ei tid sida møtte eg, som KK-seljar ein
IS'ar som hevda at "Sosialistisk Arbeideravis" var Noregs beste avis. Slik
er sjølvsagt mest til å trekkje på skuldrene av.
Det finnest både objektive og subjektive kriterium for kva som er ei god
avis. Eg skal ikkje gje meg inn på noko drøfting av dei objektiva kriteria,
det er ikkje mitt fag. Men til det subjektive: Eg brukar per i dag meir tid
på - og finn meir stoff av interesse i - regionsavisa Bergens Tidende, den
riksdekkjande vekeavisa Dag og Tid og for den saks skuld lokalavisa mi, enn
eg gjer med KK. Det burde vere eit tankekors for fleire enn redaksjonen.
Fleire, mellom dei Anders Ekeland har vore innom at avisa manglar ein
visjon. Som, for den skal skuld, den mangslungne venstresida manglar ein
visjon, kunne det vere freistande å leggje til. Eg har sans for det Anders
Ekeland skriv. Men kva skulle visjonen for avisprosjektet vere? Kva vil vi
med avisa?
For igjen å kome tilbake til tidlegare nemnde aviser som eg les med glede:
Kva er prosjektet deira? Kva visjonar har dei? Og, for den saks skuld:
Treng ei avis ha eit prosjekt? Avisene er ulike, eg vågar ikkje gje meg ut
på noko vurdering. men ser at eg som lesar mellom anna forheld meg til kven
som skriv. Å kjenne til journalisten inneber og å vite kven som kan
handverket. Kven som skriv godt. Kven som kan gje deg ny kunnskap. Kven som
kan presentere stoffet på ein slik måte at det gjev deg nye tankar. Det
vert sagt om informasjonssamfunnet at problemet er ikkje lenger tilgang på
informasjon, men å få merksemd. Som lesar er eg selektiv. Det finnest
journalistar eg les fordi eg veit at dei skriv godt. KK har p. t. få av dei.
Spørsmåla er fleire enn svara eg kan gje. Første innlegget mitt var eit
uttrykk for ein frustrasjon samla opp over tid. Debatten kan vere eit
utrykk for at mange ønskjer å kome vidare.
Det er enno ei tid til abonnementet mitt skal fornyast.

Arne Apold



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:50 MET