Re: Jubel i Jammerdalen

From: Oddmund Garvik (garvik@pop.worldonline.fr)
Date: Sun Dec 12 1999 - 20:29:17 MET


Le Dim, 12 Déc 1999, Bjarne Naerum a écrit :

> Garvik har jeg av og til jubla for, men nå er jeg lei giften han til stadighet sprer
> utover KK-forum. Hvem vil delta her, med sånne "med-debattanter"? Hva skal
> man med uvenner, når man har sånne "brevvenner"? (Litt uheldig metafor, men
> likevel. Man fristes ikke til å skrive, når man bare får brevbomber og giftpiler
> tilbake.) Nylig var Garvik på farta igjen - Marxhjelpeoss - som vanllig
> sjølforherligende, distingverende og sarkastisk:

Monsieur Naerum, eg tykkjer ikkje det er så interessant å diskutere
form, og eg har ikkje tenkt å gjera noko unntak. For dei som er så
sarte at dei ikkje tåler stilen min, hevar eg eit glas vin i
medkjensle. Om nokre av desse same kallar seg revolusjonære, rister eg
på hovudet... ord er overflødige.

Kva vil du eg skal seia? Du er større i kjeften enn eg nokon gong har
vore, og så vil du at eg skal koma med "sjølvkritikk"...? Neiggu, då er
det betre å sitje som grinebitar bakerst i salen, saman med Karsten
J...

Alors,

> "år 2000-problemet". Hva er det for noe ondsinna pisspreik du kommer
> med denne gangen, Garvik: 'Medan "venstreradikale" putlar med
> karrieren'? Forklar deg!
> Når ble det "karrierefremmende" å delta på KK-forum? ... Tror du,
> Garvik, at det har høy verdi for "karriereløpet" at man frivillig
> utsetter seg for krangel med folk som deg og Karsten Johansen? Jeg
> ler! Jubel i Jammerdalen!

Har eg nokon gong sagt dette? Nei, eg sikta eg til desse som for om
lag 25 år sidan la ut om kor viktig det var å gløyme alt snakk
om "karriere", "gro røter i arbeidarklassen", bli "bolsjevik", og som i
dag på forunderleg vis sit i maktstillingar i det norske samfunnet, på
universitet, høgskular, statsbedrifter, statsadministrasjon, forlag,
aviser og media, til og med i private bedrifter. Eg kjenner ei djup
forakt i høve til desse.

> Både for tida, helsa og karrieren til de fleste av oss kan det være
> mest fristende å forlate KK-forum for godt. Sjøl vil jeg ikke love å
gjøre det.

Kvar og ein gjer som han (ho) vil. Du er vel ikkje betre enn oss andre
- ein forlet denne staden ei stund, for så å koma attende. Det er ikkje
så mange stader ein kan diskutere lenger.

For min eigen del er ikkje dette eit problem. Eg bur på landsbygda, i
ein ekte gallarlandsby litt utanfor tida og verda, der hanen gjel kvar
dag, og alle slags diskusjonar går høglydt. (Les du Asterix nokon gong
får du ein slags ide om korleis det er.)

Eg er ikkje i fokus, gamaldags, avleggs, marginal, utanfor. Du kan
gjerne kalle det "sjølforherligende, distingverende og sarkastisk". Eg
er ikkje så sjølvopptatt som nokre av dykk kanskje trur. KK-forum er ein
av dei få trådane eg har att til gamlelandet, som eg elles tykkjer
liknar mindre og mindre på det eg reiste frå for snart tjue år sidan. Eg
kjenner ikkje Frp-Noreg, heller ikkje det som blir påstått å vera det
multikulturelle Noreg, men som blir halde på trygg avstand frå makta.

Den norske verda er fjern, og dei få gongene eg kjem oppover, blir eg
ofte gåande gatelangs i timevis utan å treffe eit einaste kjend
menneske. Eg kjøper Klassekampen, og set meg til på ein eller
annan kafe, men det er som å bla i Bibelen, fjernt og hender alt blir
fjernt

Det hadde nok vore vanskeleg å finne ein plass i dette søkkrike landet
som diverre framleis er dominert av eit ukultivert, middelmådig
småborgarskap i og rundt Oslo, ein kaste av vulgære sjåvinistar som
ikkje har noko anna å fara med enn sin eigen navle og det endelause
pjatt.

Eg forstår inderleg godt at Karsten J. og andre kan bli fortvila av
tilstanden. Dette provar at dei er menneske heilt inn til beinet.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:47 MET