Re: SV: Kvifor er IT/software så dyrt

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Nov 18 1999 - 08:56:50 MET


Ottar Solberg wrote:
>
> Det er ikke nødvendigvis slik at et program feil ved overgangen til år 2000 om
> det benytter bare 2 siffer til å representere årstallet.
> Det feiler bare dersom det er nødvendig å finne avstanden mellom to datoer.
> Det er ikke alltid at der er nødvendig i et medlemssystem.

For orden skuld: 2000-problemet handlar om langt meir enn det Ottar
Solberg nemner her, men somme "tosifra" program vil sjølvsagt fungere på
eit vis. Det kan bli ein del rot f.eks. dersom programmet skal rekne ut
vekedag og trur at årstalet er 1900 i staden for 2000, eller dersom
skotårsdagen er viktig (1900 var ikkje skotår, 2000 blir det).
>
> Derfor vil jeg igjen si at overgangen til år 2000 neppe blir så problematisk som
> påstår og forventer.

Det får vise seg - mykje arbeid er lagt i å få til ein uproblematisk
overgang, men nokon kan ha oversett noko.

> Og det vil ikke gå lang tid før vi jgen i alle progarmmer benytter 2 siffer for årstall.

Vi kjem nok snart til å sløyfe hundreåra i tale og skrift, også i
inntasting på datamaskinar og i utskrifter der plassen er knapp, men
ikkje internt i seriøse programsystem. Dette heng dels saman med
respekten for problemet, dels med arven vi etter kvart vil få av
"firesifra" programvare. Nye program som skal samarbeide med gamle, må
bruke fire siffer. Og ikkje minst: Programmeraren sparer arbeid på å
bruke heile årstalet, og lagerplassen kostar nesten ingen ting lenger.
 
Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:41 MET