WTO: Opent brev frå Trygg mat-alliansen i Møre og Romsdal

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Nov 12 1999 - 12:43:17 MET


Trygg mat-alliansen i Møre og Romsdal har hatt pressekonferanse i dag,
og sender no dette opne brevet til regjeringa og Stortinget:

****************************

WTO trugar oss alle!

Verdas Handelsorganisasjon (WTO) skal om kort tid starte ein ny
forhandlingsrunde. Vi ber den norske regjeringa og Stortinget om å
arbeide for å hindre at nye tema blir tekne inn i desse forhandlingane.
Først trengst grundige og uavhengige konsekvensanalysar av dei avtalane
som finst, og problema som dei skaper i dag og vidare framover.

I WTO har frihandel førerett framfor andre regelverk og internasjonale
avtalar. Reglar som skal verne miljø, helse og sosial tryggleik blir
rekna som handelshinder, og skal fjernast.

· Frihandel med mat er eit av måla for WTO. Det kan få dramatiske
konsekvensar for matvarekvalitet, helse og forsyningssikkerheit i Noreg.
Det kan bli vanskeleg å ha nasjonale reglar for matvarer med
genmodifisert innhald og å hindre import av mat med hormonrestar. Mange
arbeidsplassar i landbruket og industrien kan gå tapt.

· U-landa vil tape stort på nye patentreglar (patent på liv).
Storindustrien skaffar seg einerett på å utnytte frø og medisinplantar
som har vore i tradisjonell bruk i generasjonar, og tek jamvel patent på
menneskegenar.

· Kyoto-avtalen, som er meint å berge klimaet på jorda, er i stor fare.
Det same gjeld FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Noreg må krevje at
WTO blir underordna desse miljøavtalane.

Dersom investeringar kjem inn i WTO-regelverket, vil internasjonale
investorar få dramatisk auka makt i forhold til folkevalde regjeringar,
forbrukarar og fagrørsle. Investorane vil kunne gå til rettssak mot
nasjonal lovgjeving som hindrar næringsverksemd eller reduserer
fortenesta. Slike reglar låg inne i den såkalla MAI-avtalen, som vart
avvist etter stor motstand i heile verda. Noreg må gå sterkt mot at dei
no kjem inn i WTO i staden.

Wenche Berg Stuenes (sign.)
Norges Kvinne- og Familieforbund

Geir Haugli (sign.)
Naturvernforbundet

Paul Steinar Valle (sign.)
Veterinærforeningen

Oddny Talberg (sign.)
Nasjonalforeningen for Folkehelsen

Karin Bø (sign.)
Norske Kvinners Sanitetsforening

Ole Ø. Kvalheim (sign.)
Nei til EU

Birgit Kvadsheim (sign.)
Bondekvinnelaget

Edit Bugge (sign.)
Natur og Ungdom

Odd Stensholt (sign.)
RV

Svein Roseth (sign.)
KrF

Gudveig Berge (sign.)
Bonde- og Småbrukarlaget

Knut Sjømæling (sign.)
Bondelaget

Bjørn Jacobsen (sign.)
Miljøheimevernet

Ola Fremo (sign.)
SV

Eli Sollied Øveraas (sign.)
SP

*************************************

Så langt brevet. Trygg mat-alliansen i Møre og Romsdal er eit samarbeid
mellom fylkeslaga for dei nemnde organisasjonane, dvs. både produsent-,
forbrukar-, helse-, miljø- og politiske organisasjonar. I fjor samla
alliansen inn 15.000 underskrifter mot den utvida EØS-avtalen
(veterinæravtalen).

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:38 MET