År 2000-problemet

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Nov 09 1999 - 09:52:34 MET


Det er tydeleg at somme debattantar ikkje veit kva dette problemet går
ut på, sjølv om alle sikkert har fått med seg prinsippet: at tosifra
årstal 99 rullar over til 00, som kan bli tolka som 1900 eller noko
anna. Det gjer at ein del datasystem vil gå feil.

Problemet er at ingen har fullt oversyn over alle desse systema, kva dei
gjer og kva følgjeskadar slike feil kan få. PC-ar og oversiktleg
programvare er det relativt enkelt - om enn arbeidsamt - å fikse. Verre
er det med innkapsla elektronikk eller gammal, utilgjengeleg programkode
som berre ligg der og gjer jobben sin i år etter år.

Skrekkscenariet er at slike system klikkar ved årsskiftet, og at det
fører til svikt i f.eks. straum- eller vassforsyninga. Sjukehusa blir
kalde og mørke, brannvesenet kan ikkje sløkke brannar etter
nyttårsrakettar, telefonen er daud osv. Dersom det i tillegg blir kaldt
ver nyttårsnatta, kan følgjene for liv og helse bli dramatiske.

Derfor har e-verka, televerka, offentlege etatar og private firma brukt
milliardar dei siste åra på å skifte ut gamle og usikre datasystem. Om
kvar krone har vore brukt fornuftig, kan vel ingen seie noko om.
Sannsynlegvis er det billegare - i pengar og menneskelege lidingar - å
bruke litt ekstra på førehand enn å ta kostnadene med reparasjonar og
ulykker etterpå.

No ser dei fleste ut til å ha kontroll her i landet, så det meste vil
nok gå bra. Etterpå kjem nokon sikkert til å påstå at vi overdreiv
problemet. La dei heller gjere det, men ver klar over at det spørsmålet
får vi aldri noko sikkert svar på.
 
Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:34 MET