Møte i Molde om WTO

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Nov 04 1999 - 23:43:47 MET


Utdrag av pressemelding frå Møre og Romsdal Nei til EU:

Verdas Handelsorganisasjon: Sjølvoppnemnd verdsregjering?

Møre og Romsdal Nei til EU arrangerer opent møte om Verdas
Handelsorganisasjon (World Trade Organization, WTO) på kantina til
Nordmøre og Romsdal Felleskjøp, Fannestrandsvegen 63, Molde, laurdag 6.
november kl. 13.00-14.00. Foredragshaldar blir Trude Sørensen, leiar i
Ungdom mot EU.

WTO skal om få veker starte ein ny forhandlingsrunde. Formålet er å
skjere kraftig ned på såkalla handelshindringar, dvs. toll og regelverk
som sikrar innanlandsk produksjon, kvalitet, forsyningssikkerheit og
arbeidsplassar.

I Noreg vil dette gå særleg hardt ut over matvarekvalitet og landbruk.
Det blir ikkje lenger lovleg å nekte import av mat med genmodifisert
innhald eller restar av antibiotika og veksthormon. Det siste hinderet
mot salmonellasmitte vil falle med tollmurane. For mange u-land blir
konsekvensane endå verre, særleg når store firma får ta patent på
levande organismar og skaffar seg monopol på såkorn.

WTO har ein domstol som tvingar landa til å etterleve ordningane, sjølv
når det går hardt ut over levestandarden til innbyggarane. Nye reglar
vil kunne gje storselskapa rett til å saksøke land dersom miljø- eller
arbeidarvernreglar reduserer fortenesta. På same måten som EU og EØS
grip WTO inn i fleire og fleire saksområde som det kallar
handelsrelaterte.

Møre og Romsdal Nei til EU ønskjer å setje søkelys på WTO. Vi startar
laurdag med eit opent møte i tilknyting til årsmøtet vårt, og ønskjer
presse og kringkasting velkomne. Foredragshaldaren er disponibel for
journalistar etter møtet. (...)

Helsing Lars Staurset
Sekretær i Møre og Romsdal Nei til EU



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:33 MET