"...uavhengighetsforkjempere"

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Tue Nov 02 1999 - 14:36:00 MET


Frå leiaren i Klassekampen i dag:

>Mens de øvrige mediene er preget av hysterisk clintomania, velger
>Klassekampen å tenke at dersom alle uavhenighetsforkjempere fortsetter å
>arbeide hardt, vil kanskje besøket hans markere slutten på en epoke. "Det
>amerikanske århundret" er snart slutt. Det er forhåpentlig også den
>amerikanske dominansen over Norge som har vart i halve dette århundret.

"...uavhengighetsforkjempere" - det har eit snev av den tredje verda, av
heroiske folkeopprør og revolusjonar. Det kunne vera ein tanke å halde seg på
landjorda, trass i tumultane førre natt.

"Uavhengighetsforkjemperne" må ikkje hamne i same bakevje som den
norsk-amerikanske halehengspressa, og laga store fjell av nokre små steinar.

Dei to dagane med unntakstilstand i Oslo er berre i lita hending i eit hav av
hendingar. I morgon går livet vidare. Fremskrittspartiet er minst like
sterkt.
Rasistane og nynazistane er ikkje borte. Pressa, Politiet og Forsvaret er
framleis reiskapar for det norskamerikanske establishmentet. Borgarpressa vil
framleis rose verdsbiletet og "verdiane" til denne åndssvake, fascistoide
giganten som no bur seg på å gi nådestøytet til dei som tenkjer annleis, som
ikkje vil føye seg under den amerikanske dominansen. I Seattle vil dei
tvinge alle andre nasjonar på kne, og innføre den einpolære verda som dei
lenge har drøymt om.

Det er vel og bra å demonstrere, men ein må ikkje misse sans og samling -
tru at ein kan "forlange", eller vente at dei mest trufaste adjutantane
arresterer sjølvaste marsjallen...

>Hvis vi skal ta det offisielle Norges servile sleiking av Bill Clintons
>føtter som et varsel om framtida, skulle det tyde på at vi også i neste
>århundre kommer til å se på oss sjøl og bli vurdert som stat nr. 51 i det
>nord-amerikanske imperiet. Heldigvis finnes det andre tegn som peker i en
>annen retning. To ganger, i 1972 og 1994, har de norske makthaverne prøvd å
>innlemme Norge i Europaunionen. Begge ganger fikk de Nei som svar av folket.
>Dette gir oss et folkelig fundament for også å løse opp den alliansen som
>binder oss til supermakt og verdenspolitimester USA.

Dette er noko innbarka tøv som diverre pregar "venstresida" i Noreg. Kvifor
er det så vanskeleg å forstå at den norskamerikanske kjærleiken, sjølv den
"folkelege", nesten er botnlaus? Og at dette var ein av grunnane til at
folket to gonger har svart Nei til Europa? Sjølv om deler av borgarskapet og
særleg kremmarstanden er tiltrekte av den europeiske marknaden, for det er
her dei for det meste handlar, så er hjartet i Washington. På det komande
WTO-møtet i Seattle får me nok sjå kor landet ligg når det kjem til stykket.

"Venstresida" kan sjølvsagt fortsetje med å halde høgmesser for den nasjonale
"sjølvråderetten", den "uavhengige" nasjonen som greier seg sjølv. Heile den
norske nasjonen kan halda fram med å sitje oppe i fjella, liksom
austerrikarane og sveitsarane, sjå ned på omverda og stirre seg raudøygde på
sine eigne navlar. Ein dag om ikkje så lenge er partia til Hagen, Haider,
Blochner & Co dei definitivt største partia, og ein får oppleve regjeringar
som ein ikkje har sett maken til på lenge.

Då er det ikkje stort anna å gjera enn å pakke sekken..., gløym flagget,
compañeros, gløym nasjonen!

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:31 MET