"Kulturkanalens morsomste program"

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Nov 02 1999 - 08:23:48 MET


I går skjøna eg kvifor "Hallo i uken" blir kalla "Kulturkanalens NEST
morsomste program".

Det starta med NRK Dagsnytt klokka halv sju. Etter å ha fare fort over
flykatastrofe, syklon m.m., konsentrerte Dagsnytt seg om Det Viktigaste:
eit ekstrafly som nettopp hadde landa på Gardermoen. Ein reporter i
studio og ein på flyplassen, omtrent slik:

"Har president Clinton vist seg på flytrappa nå? - Nei, vi venter
stadig. ... - Vet du noe om hvordan det ser ut inni dette berømte flyet,
Air Force One? - Nei, jeg er ikke blant de utvalgte som har vært inne
der. ..." osv. i bortimot ti minutt.

Romsdals Budstikke hadde sjølvsagt ein lokal vri. Til ei forandring var
det ikkje om statsministeren frå Molde blant finfolk. Nei, det var om
ein liten møbelfabrikk som har levert stolar både til Stortinget, til
Clinton og til den japanske keisaren (kva no han har med dette å gjere).
Litt på det jamne, kanskje.

Til gjengjeld heva Nordvestrevyen (NRK Møre og Romsdal) seg til dei
store høgder om ettermiddagen. Dei gjekk på gata og intervjua ungar og
vaksne om kva dei ville ha gjort og sagt "dersom Clinton hadde kome til
Ålesund"!!!

Dersom det var rekord i meiningsløyse, stod han ikkje lenge. Dagsrevyen
sovna eg frå, men seinare på kvelden såg eg slutten av Redaksjon 21. Eit
eller anna medium (avis? TV?) skal ha festa seg ved at Clinton veksla
nokre ord med ein tilskodar, ei ung dame som i farta kunne minne litt om
Monica Lewinsky. Dette gav opphav til ein "seriøs" studiodebatt.

Espen Beranek Holm og Are Kalvø gjer så godt dei kan, men det kan ikkje
vere lett når resten av media overgår alle parodiar.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:31 MET