Re: Demokrati

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Wed Oct 27 1999 - 18:03:21 MET DST


Bjarne Nærum skriv:

>Jeg er også litt opprørt over hvordan en liten gruppe forsøker å "tysta mig"
>og andre deltakere på KK-forum. Ikke over at det er "tillatt", men at det
>skjer.
>Enkelte foretrekker mobbing og vold framfor mangfold. Karakteristikkene
>over ble bl.a knytta til tanker jeg sjøl har om olika samhällsfrågor.

Kva er dette for slags dilirium, B. Nærum? Kven har freista å få deg til å
teie? Når blei du utsett for mobbing og vald? Kven er det som er mot
mangfald her?

Er mangfald eit mål i seg sjølv? Skal ein berre plapre i veg om alt mellom
himmel og jord for å sikre eit "mangfald" som til slutt berre blir eit
vrengebilete? Ein kakofoni der ein korkje ser land eller sjø, der alt flyt?

At du samanliknar dei som kritiserer dette med nazipøbel, seier noko om
dømekrafta di. Korleis vil du at ein skal kunne diskutere vidare på eit
slikt grunnlag?

For meg kan du halde fram med greiene dine så lenge du vil. <Del> knappen
byrjar rett nok å bli litt sliten, men han gjer enno jobben.

Får eg lyst til å skravle, ruslar eg ned til stamkaféen i den vesle byen min.
Vinhausten er over, og me drikk "bernache" - nygjæra vin som berre er nokre
dagar gamal! Då kjem ein på både det eine og det andre, og det kan bli svært
så moro..., men ein blir ikkje klokare av det, og det forandrar ikkje verda.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:30 MET