Re: nazisme

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Wed Oct 27 1999 - 16:41:40 MET DST


Eg veit ikkje om eg bryr meg om å kommentere det fabulerande innlegget om
nazismen til Bror Wyller. Ikkje anna enn å slå fast at eg er usamd med han.
Eg har ingen trong til nokon "fulldiskusjon av nazisme" etter oppskrifta til
Wyller. Eg ser ikkje på nazistar som verdige menneske. Nazistar
representerer i mitt verdsbilete det umenneskelege, og har ingen rettar. Eg
vil ikkje kommunisere med nazistar, eller prøve å forstå dei, ikkje anna enn
for å nøre oppunder min eigen forakt for dei. Dei representerer det mest
avskyelege eg kan tenkje meg.

Ein kan eventuelt studere kva slags funksjon nazistane har, og diskutere
kvifor fascistiske rørsler oppstår i visse situasjonar. Dei er farlege sjølv
om dei er få. Dei har alltid vore få i byrjinga.

Det finst kanskje ikkje så mange nazistar i Noreg. Dei er spreidde og
relativt dårleg organiserte, men potensialet er stort. Valresultatet i haust
syner at ein stor del av det norske folket er svake for demagogien til ytre
høgre.

Eg kom over eit interessant dokument om den høgreekstreme rørsla i Noreg:

http://www.hill.se/monitor/artikler/annual97.htm

Artikkelen er kanskje ikkje heilt à jour, men gir likevel eit bilete av
landskapet.

Det er viktig å samle opplysningar om dei brune organisasjonane, og like
viktig er det å spreie denne informasjonen. Det finst heldigvis nokre som
driv med dette alt, sjå t.d.:

http://www.hill.se/links.htm

Eg veit ikkje om det er så lett som Astor Larsen vil ha det til i
leiarartikkelen i Klassekampen i dag:

http://www.klassekampen.no/cgi-bin/nyheter.pl/1999/10/2703.html

"Veien er å gå er den som fagforeningsmannen Söderberg sto for. Nynazistene
må røykes ut i fagbevegelsen og andre organisasjoner. De må tas hver gang de
forsurer tilstandene på jobben, for eksempel ved at de trakasserer
mørkhudete. De må avsløres ideologisk. Nettopp fordi Söderberg sto for denne
linja ble han også farlig for nynazistene. Så farlig at han måtte bøte med
livet."

Det er lett å sitje på ræva i Klassekampen og skrive slik. Individuelle
initiativ kan lett ende opp i tragiske hendingar. Slike tragiske hendingar
blir rett nok symbol, og representerer kanskje mot og kampvilje. Det er
kanskje det som manglar i dag, og som gjer at dei fleste let seg driva med
straumen, og ikkje torer å utmerke seg, eller stå ope fram for å ta avstand
frå det brune sølet.

I mitt eige land gjekk dei fascistiske partia kraftig attende ved
Europavalet på forsommaren, men den brune rørsla er mangfaldig, og kjem
kanskje sterkare att. Deler av borgarskapet og aristokratiet kan ikkje sitja
stille og sjå på at den siste bastionen, det siste kort i ein gitt
situasjon, berre fordampar og forsvinn.

Heile det franske høgre gjennomgår ei djup krise, og då kan alt skje…

Eg høyrer til dei som pr. definisjon vil bli peika ut i ei naziverd, ikkje
berre på grunn av haldningane mine, men også fordi eg for mange år sidan
grunnla ein "multi-etnisk" familie som ein kallar det.

Eg er ein "svikar" i augo til naziyngelen, og resten av familien min er
"Untermensch" alle saman. Slike som må "ekspederast"...

Eg har ikkje noko val, eg er og blir ein glødande antifascist like til siste
blodsdråpen. Lat oss vona at dei blir slått ned i støvlane for godt ein dag,
og at folk ikkje nok ein gong må flykte over stokk og stein for å berge
livet.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:30 MET