SV: telenor og barneporno

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Mon Oct 11 1999 - 10:17:19 MET DST


>Hei!
>
>Leste i dag på vg-nett at politiet ikke får "tatt" folk som ditribuerer
>barneporno fordi telenor nekter å samarbeide ved å gi ut navn på
kunder/navn
>på eiere av ip-adresser. Hva syns folk om dette? Selv er jeg i tvil, og
>kunne gjerne tenkt meg noen andres syn på saken. Selvfølgelig er det viktig

>å ta folk som distribuerer slikt, men samtidig ser jeg konflikten mht
>personvern osv. Noen som har noen innspill?
>
>Trude K Nilsen
>

Det er flott at Telenor nektar å utlevere sine filer over IP-adresser
til politiet. Noko har dei i alle fall lært av Lund-kommisjonens
etterforskning. Ein domstol kan kreve å få desse utlevert, men då må
politiet altså ha noko meir holdepunkt enn at dei vil ha alt, for så
å sjekke om det er noko straffbart i det dei får tak i.

Dette kan fullt ut samanliknast med at politiet vil åpne all post og
avlytte alle telefonsamtaler for å slå ned på eventuelle ting som er
ulovleg. Dette ønskjer vi ikkje. Derfor må politiet først ha ein
velbegrunna mistanke om at det er skjedd noko uloveleg, gå til
domstolen, og så få lov til brevkontroll, telefon- og emailavlytting.

Samleis, dersom desse ipadressene du refererer til gjeld nettsider:
Når politiet finn uloveleg innhald på ei gitt nettadresse bør dei gå
til ein domstol, få rettsordre på at telenor (eller telia, nettcom,
sol..) må utlevere kundeinformasjon. Dersom vi hoppar over domstol-
biten (eller dersom domstolane berre fungerarsom ei underavdeling i
politiet) får vi tilstandar der det gode formålet fører til middel som
vi ikkje ønskjer.

Dersom dette spørsmålet hadde vore stilt med posten eller telefonen
som referanseramme innser dei fleste kor galt dette kan gå. Men når
det gjeld dette nye farlige mediumet som nettet og email er så må det
sjølvsagt gjelde andre reglar. Eg trur ikkje at politiet treng så
mykje andre reglar for dette mediumet. Dei treng sannsynligvis eit
visst samarbeid internasjonalt, men når det gjeld barneprostitusjon
og barneporno har behovet for eit slik samarbeid eksistert lenge. Men
det er tydlegvis viktigare å samarbeide om å halde asylsøkjarar ute
av Schengenområdet.

Ottar Birkeland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:22 MET