Diskotekplanane i Auschwitz er stansa

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Thu Oct 07 1999 - 09:50:43 MET DST


Planane om å bygge diskotek i Auschwitz er stansa av den polske
distriktsguvernøren. Det kan Aftonbladet fortelje i dagens utgave.
Artikkelen kan de finne på
http://wwwa.aftonbladet.se/telegram/0,1082,16018548_UTR__,00.html
Så litt beklagelse, forklaring og sjølvkritikk. Sidan eg ikkje fann den
opprinnelege artikkelen i Aftonbladet, men berre hadde lest artikkelen i VG
der det sto
        "Aftonbladet melder at myndighetene i den polske byen Oswiecim
mandag besluttet at det skal tillates diskotekdrift i Auschwitz - omådet som
fungerte som konsentrasjonsleir under 2. verdenskrig.",
rekna eg med at det ikkje var historiske bygningar som skulle bli tatt i
bruk til diskotek. Denne forutsetninga tok eg også med i innlegget mitt. Det
at det skulle skje på det store området som konsentrasjonsleiren i Auschwitz
ein gong omfatta meinte eg var mindre viktig.
Men etter å ha mottatt svar frå Karsten Johansen sjekka eg dagens
Aftonbladet og fann den artikkelen eg refererer til ovanfor. I denne står
det at
        "Myndigheterna i Oswiecim hade godkänt planerna på ett diskotek i
ett lager som under andra världskriget användes till bland annat förvaring
av Auschwitzoffrens personliga tillhörigheter."
Dette forandrar saka for meg og eg er enig i at desse planane måtte
stoppast. Det er posistivt at dette no er gjort. Eg beklagar den meininga eg
gav uttrykk for i det føre innlegget mitt, men denne meininga kom eg altså
til på grunn av for lite informasjon om saka.

Ottar Birkeland

 



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:21 MET